Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Sett frå vest

Siglar sin eigen sjø

Vestlandet treng 40 milliardar kroner, men må bestemme seg for kva dei skal bruke dei på. Byrådet arbeider for bru over Bjørnafjorden, trass i at bystyret har bede dei jobbe for veg og jernbane til Voss.

Ikkje over Mjøsa, men Bjørnafjorden: Hordfast er eit fjordkryssingsprosjekt sør for Bergen, som Bergen ikkje vil prioritere. Eller vil dei? Byrådet jobbar i alle fall for det, i motsetnad til kva bystyret har bede dei om. Her er MF «Flatøy» på veg ut frå Sandvikvåg, ei ferje som Hordfast vil erstatte. Foto: Tom Henning Bratlie

Det tek tid å få bygd ting i Noreg. Først må ein samle støtte for prosjektet sitt. Om ein har ein tunnel ein treng i Sogn, må ein få med seg politikarar i heile regionen. Politikarar i Sunnfjord må tenkje at om vi støttar denne tunnelen, får vi nok med oss sogningane når vi kjempar for ei bru i framtida.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?