Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Pynteord

Å laga overskrifter kan vera skikkeleg vanskeleg. Overskrifta skal seia noko om innhaldet i teksten, og samtidig gjera lesaren nyfiken. Ei overskrift i Klassekampen 23. januar oppfylte til overmål det siste kravet. Eg vart så nyfiken at eg måtte lesa for å prøva å forstå kva som kunne vera «bysantisk» med ein kraftdebatt. Eg las, men veit framleis ikkje kva «bysantisk» kan bety, og slett ikkje når det gjeld kraftdebattar.