The Zone of Interest
Regi og manus: Jonathan Glazer Drama/ 1 t. 45 min./ kino
Det gjev meining at Jonathan Glazers’ «The Zone of Interest», som skildrar familielivet til leirkommandanten i Auschwitz, fekk juryens Grand Prix i Cannes. Den prisen løner gjerne estetisk vågemot, og Glazers ekspressive regi er i alle fall verd å drøfta. Oscarnominasjonane for årets beste film, regi og manus kjennest derimot som døme på eit etisk tvilsamt estetikksyn, som meiner at tyngda av holocaust gjev vekt til «ein kvar» kunstnarisk ide som tematiserer folkemordet på jødane.