Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kristin Bergets nye diktsamling er ei rik oppdagingsferd.

Den nye middelalderen

LIKESTILTE: Hos Kristin Berget står dyr og menneske på same nivå. Biletet, som tvert om syner det motsette, er henta frå boka «History of Mediævel art» frå 1883. Wikimedia commons
Dikt

Kristin Berget

Middelalder

Dikt

Cappelen Damm 2024, 57 sider

Middelalderen var ei tid for opne eller porøse grenser mellom ulike nivå av røyndom. Slik er det òg i Kristin Bergets nye diktsamling med same namn. Dette er ei oppdagingsferd gjennom eit område som ikkje på nokon enkel måte er fastlagt. Her er ei mengd ledemotiv som viklar seg inn i kvarandre, i ei buktande rørsle som ikkje enkelt lar seg redusera. Samstundes sit ein att med ei oppleving av nødvendigheit, av at det er noko djupt menneskeleg å læra av desse dikta. Resultatet er ei bok som ser ut til å be om å bli lesen slik middelalderens bibeltolkarar las den heilage skrifta, som ei samtidigheit av fire ulike tekstnivå.