Nidstonga
- Universitetsrektorar er i hardt vêr om dagen, og må både gå frå stillingane sine fordi dei forsvarar ytringsfridom, som i USA, og fordi dei prøver å kvela han, som ved norske NTNU. I begge land ser universiteta sine band til private samarbeidspartnarar og økonomiske velgjerarar ut til å spela ei rolle. Det gjeld også ved Universitetet i Bergen (UiB), som er sist ute med å bli råka av ein rektorskandale. UiB-rektor Margareth Hagen slapp nyleg unna med å trekka seg som styremedlem i forskingsstiftinga til bergensfilantropen Trond Mohn, ein nøkkelperson for universitetet. Då Mohn ville endra stiftingsvedtektene så han kunne støtta forskarar utanfor heimbyen, søkte Hagen privat advokathjelp for å stoppa det. Rektor sat i styret som privatperson, men advokatutgiftene på nær 400.000 kroner vart betalte av UiB, noko Kunnskapsdepartementet, juristane ved universitetet og no også Nidstonga har reagert på. GK
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent