Forfattar Jo Eggen utfordrar meg (5. januar) til å svara på om eg kan tilrå Noreg som reisemål med tilvising til at underteikna har «hisset seg opp» over at Gérard Depardieu «reiser til Hviterussland [eller Belarus, som eg skreiv] og Nord-Korea». Eg gjev ikkje råd om reisemål, og kommentaren min (3. januar) handla heller ikkje, som forfattaren nok forstod, primært om reising. Snarare ville eg seia at det er uklokt av kunstnarar å kasta stjerneglans over både eigne og andre land sine statsleiarar (som Depardieu gjorde over Aleksandr Lukasjenko) også når dei ikkje er diktatorar, kan eg legga til. Kvinneforakt (som Depardieu har vist både i Nord-Korea og Frankrike) er eg i mot anten uvesenet kjem til uttrykk innanlands, utanlands, på jobb eller ferie.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Overhørt
Det er galskap vi er vitne til, og den driver frem en galskap i retur. Det er både selvskading og selvterapi. Det er lammende, tyngende og søvnberøvende. Det er grunn til å tvile på om det er sunt å se så mye lidelser, det er naturlig å tenke at man helst vil slippe, selv lengter jeg tilbake til kattunger og pandaer, men nå er det for sent.
— Vibeke Tandberg om bildene fra Gaza, i Morgenbladet