Utfordra vestleg dagsorden
John Pilger (1939-2023) er død. Han blir med respekt omtalt som ein «aktivistisk journalist».

Den 30. desember døydde John Pilger, 84 år gammal. Med han mista den engelskspråklege verda ein av sine mest eigenrådige og maktkritiske journalistar. Australskfødde Pilger var ein kunnskapsrik utanriksreporter av den gamle skolen med nær 60 års røynsle i felt frå skiftande geopolitiske brennpunkt – ikkje minst i Søraust-Asia, USA, Midtausten og Sør-Afrika. Pilger var òg ein observant kritikar av innebygde, politiske haldningar i det «nøytrale» mediespråket og ein ihuga og prinsipiell forsvarar av ytringsfridom. Det siste tiåret var han ein sterk støttespelar for den spiontiltala og fengsla Wikileaks-grunnleggjaren og landsmannen Julian Assange.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent