Sist eg såg Gérard Depardieu på kinolerretet, var då han dukka opp på tampen av Claire Denis’ «Let the Sunshine In» (2017). Filmen, som ikkje er blant regissørens beste, kastar Juliette Binoche ut i ei midtlivskrise på fåfengd jakt etter den store kjærleiken. Desperat og deprimert endar ho opp hos ein «klarsynt» (Depardieu), som får heltinnas humør til å stiga med skamlaus flørt og spådommar om ei lukkeleg framtid med ein mann som etter alle solemerke er han sjølv. Den tragikomiske scenen er filmens beste, fordi Depardieu med liv og lyst gjer ein strålande sjølvparodi. Heile den profesjonelle og personlege historia til det franske førsteelskarikonet blir lagt inn i den blendande birolla, og Binoche spelar bergtatt med.