Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bukkene Bruse leverer igjen i ei stram juleforteljing med fri strek.

Bukken i sekken

Illustrasjon: Gry Moursund

Åoh, saft suse – sjå bukkane Bruse! Dei er på alle kantar og flater om dagen: på toppen av VG-lista i songen til Kjartan Lauritzen, i julekalender- og kokebokformat og snart på kinolerretet. Og medan vi ventar på det, har dei tre bukkane tripp trapp troppa opp i ei ny julebok, «Bukkene Bruse og julenissen».