Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Naturvern

Ønsker å reinvaske naturareal

Norske kommunar får 50 millionar kroner frå staten for å «vaske opp» i gamle naturfiendtlege arealplanar.

Bygge eller verne? Biletet er frå Trysil, Noregs nest største hyttekommune, der det er stor konflikt om ein skal bygge fleire hytter eller verne myr og høgfjell. Foto: Anniken C. Mohr

SV og regjeringa gir 50 millionar som kommunane kan søke på til «planvask», for å oppdatere gamle arealplanar slik at viktig natur ikkje lenger er definert som utbyggingsområde.

– Kommunane er dei viktigaste arealforvaltarane i Noreg. Vi var veldig skuffa over bevilgninga i statsbudsjettet. Så vi er veldig glade for SV har fått på plass dette. Det er mykje som står att, seier generalsekretær i Sabima Christian Steel.

Plikta til vern

Ifølgje Naturavtalen skal 30 prosent av all natur vernast, og 30 prosent av øydelagt natur restaurerast. Det er kommunane som bestemmer korleis arealet og slik også naturen i deira kommunar blir brukt. Dette skjer gjennom areal- og kommunedelplanar.

– Vi har ei pågåande naturkrise, som vi må løyse. Den skuldast arealforvaltninga. Når det gjeld nedbygging av natur er det kommunane som står for det meste av det, seier Steel.

Utfordringa er at arealplanane i mange norske kommunar er gamle og utdaterte. Innan eit år skal dei nye kommunestyra ha revidert planstrategiane sine.

Ifølgje ein rapport frå Norsk institutt for naturforsking (NINA) ligg det inne planar om å bygge ut areal på 50 prosent i norske kommunar. Dette gjer det heilt umogleg å oppfylle Naturavtalen ifølgje Steel.

– Men er 50 millionar kroner nok?

– Nei, det er det nok ikkje, men det er ein god start. Pengane skal brukast for planvask, og for å lage planar for naturforvaltning. Det er mange som er i gang med dette og som vil dette. Med dette kan dei få fjerna gammalt slagg frå arealplanane, seier Steel.

Mange går motsett veg

Mange kommunar slit med fråflytting, mangel på arbeidsplassar og stor gjeld. Dette har ført til at kommunar vel å bygge ned natur i staden for å restaurere den. Tidlegare i haust lanserte Sabima ein rapport som viser at mange norske kommunar har regulert store område til utbygging. Rapporten viser at dobbelt som store område er regulert til hytteutbygging som til bustadutbygging.

– Det er ikkje slik at vi ikkje skal bygge ned noko natur, men det gjeld å planlegge dette godt. Mange kommunar har ikkje kapasitet til å gjere dette på ein god måte, slik at dei byggar på dei stadane som gjer minst naturskade, seier Steel.

Det er fleire kommunar som burde søke ifølgje Sabima. Dei peiker mellom anna Fredrikstad kommune som har mykje tomtereserve i kantsoner. Det vil seie sonene i kanten langs vassdrag, innsjøar, våtmarksområde, eller svært produktiv jord. Fleire av kommunane i Valdres har arealplanar som opnar for utbygging i myr. Det er mange kommunar i liknande situasjonar som desse.

Mangel på kompetanse

Mange kommunar er i gang med å få oversikt over natur som bør restaurerast. I mange kommunar er det derimot stor mangel på kompetanse om naturverdi, vern av natur og restaurering av natur. Dette er den største utfordringa kommunane har for å nå kravet om vern og restaurering ifølgje Steel.

«Mange kommunar har ikkje kapasitet til å gjere dette på ein god måte.»

Christian Steel, generalsekretær i Sabima

– Det er mange små kommunar, med få innbyggarar og liten økonomi. Dei manglar oppdatert kompetanse på regelverk og til å kunne gjere jobben som kan legge til rette for at politikarane gjer rette vedtak.

Her må staten inn og vise at dei tar Naturavtalen på alvor, seier Steel.

– Staten har ansvar for å lage lovverk som fungerer godt. Mange kommunar har vedtatt å restaurere like mykje natur som ein bygger ned, men manglar verktøy for å måle dette. Her må staten inn for år lage eit naturrekneskap som fungerer for kommunane, seier Steel.

Det store i det små

Det var SV som sikra pengepotten til kommunane i budsjettet. Lars Haltbrekken i SV håper dette kan gi kommunar med dårleg råd høve til å prioritere naturverntiltaka.

– Dei største utfordringane er at kommunane må bli flinkare til å sjå det store i det små. Dei enkelte naturinngrepa kan synest ganske små, men til saman blir dei ganske stor. Det same gjeld på jordvern. Nedbygginga av eit jorde kan synest lite, men ser du alt til saman blir det veldig mykje.

Ifølgje Haltbrekken er hyttebygging den største trugselen for naturen. Han meiner det også trengst å få på plass eit forbod mot bygging av nye hyttefelt.

Haltbrekken meiner staten må bli betre på å støtte kommunane for å ta vare på naturen.

– Vi kjem til å fortette å jobbe for bevilgningar på dette, for å gi dei støtte til dette. Vi vil også innføre strengare krav frå nasjonalt hald til kor det kan byggast og ikkje, seier Haltbrekken.