Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Korona

Er ikkje redd for makt

Ola Svenneby angrar på at han aksepterte koronatiltaka. Likevel er han ikkje uroa for at regjeringa får meir makt ved neste pandemi.

Til neste gang: Unge Høyre-leder Ola Svenneby meiner Stortinget ikkje gjorde jobben sin under pandemien.

Måndag skal Stortinget stemme over endringar i smittevernlova. Regjeringa og Høgre vil gi framtidige regjeringar heimel til å innføre isolasjon- og karantenetiltak utan godkjenning frå Stortinget.

I det siste har fleire tatt til orde for at dei negative konsekvensane av koronatiltaka var for store. Ein av dei er leiaren i Unge Høgre, Ola Svenneby. I ein kronikk i VG skreiv han: «Det er ingenting jeg angrer mer på enn at jeg stilltiende aksepterte myndighetenes coronatiltak som rammet de unge».

Ville gjort ting annleis

Ut frå føresetnadane meiner Svenneby at det norske samfunnet handsama pandemien på ein god måte, men han meiner at vi no ser konsekvensane.

– Det gjeld særleg dei unge, i skulealder. Eg trur konsekvensane har vore for store for dei. Det er også min feil som politikar – at eg aldri tok til motmæle sjølv om eg var inne på tanken, særleg under den siste nedstenginga.

Ifølge ei norsk-svensk studie sparte Noreg 2025 liv på si handsaming av pandemien, samanlikna med Sverige. Samtidig kosta det samfunnet 133 millionar per sparte liv.

Svenneby vil ikkje samanlikne kostnadane av nedstenginga med sparte liv. Han meiner reknestykket ikkje tar omsyn til faktorar som psykisk helse.

«Eg synest Stortinget gjer seg sjølv vel viktige.»

Ola Svenneby, leiar i Unge Høgre

– Poenget er om eg ville gjort ting annleis, og det ville eg. Paradoksalt nok er det den gruppa som hadde minst sannsyn til å bli alvorleg sjuk, antakeleg dei som bar dei tyngste konsekvensane av nedstenginga. Det er eit paradoks som eg ikkje synest er rimeleg.

Fryktar det autoritære

No vil altså morspartiet hans gi framtidige regjeringar permanent fullmakt i lovverket til å gi forskrifter om isolering og smittekarantene i meir enn sju dagar i gongen. Venstre, Frp, KrF, Rødt og Pasientfokus har alle tatt til orde mot endringa, men saman med Høgre vil regjeringa ha fleirtal.

Svenneby presiserer at han ikkje har lest seg opp på vedtaket, men seier at det ikkje er ei viktig sak for han.

– Eg trur ikkje dei to tinga vi har snakka om no, har ein samanheng. Snarare tvert imot. Eg synest Stortinget gjer seg sjølv vel viktige, målt mot korleis dei klarte å handsame den rolla sist. Alt Stortinget gjorde, var å rope på meir tiltak. Dei gjorde ikkje jobben sin slik det var.

Alfred Bjørlo frå Venstre har vore ein av dei mest markante stemmene mot forslaget frå Høgre og regjeringa. Til VG sa han at det var autoritære tendensar. Svenneby seier at han ikkje trur denne lovendringa er avgjerande.

– Det synest eg er å dra det langt. Eg fryktar også autoritære tendensar i ein pandemi. Men det er først og fremst viss vi ikkje har stortingspolitikarar som stiller kritiske spørsmål, og som berre ropar på meir tiltak. Den jobben gjorde jo Alfred Bjørlo i Venstre til gangs.