Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Dagboka

Alt er fint

Den russiske professoren Alexej Jurtsak brukte ordet «hypernormalisering» for å skildre tilstanden i Sovjetunionen den siste tida før han blei oppløyst i 1991. Leiarane i landet hadde mista kontrollen, men heller enn å innrømme dette, lata dei som at alt gjekk etter planen. Folket visste at det leiarane deira sa, ikkje var sant, for dei såg med sine eigne auge at økonomien kollapsa. Men alle spelte med, for ingen kunne førestille seg eit alternativ.

I dokumentaren «Hypernormalisation» ser den britiske filmskaparen Adam Curtis Vesten gjennom den same linsa. Han peiker på Wikileaks, Edward Snowden og Panamapapira, som avslørte krigsbrotsverk, massiv ulovleg overvaking og storskala skatteunndraging. Trass i avsløringane skjer alt i minst like stort omfang den dag i dag. Vi veit at systemet er øydelagt, men vi er for desillusjonert til å skjønne kva vi skal gjere med det.

«Flood the zone with shit», sa Trump-rådgivar Steve Bannon. I boka «Kulturkrig» skildrar Klassekampens Carline Tromp korleis høgreradikale flytta vindauget for kva ein kan komme unna med å ytre i offentlegheita. Det gjeld vel òg norske politiske skandalar. Det flaumar over av dei, men konsekvensane er ofte små. Kva betyr ein ny skandale til eller frå? Kanskje er det avmakt som gjer at 44 prosent i det norske folk framleis tenker at Erna Solberg er den beste til å styre landet. Eg trur at viss vi berre slår hovuda våre saman, kan vi klare å førestille oss ei betre framtid.