«Det er folk som sulter der ute, og du faster», klager Miranda til venninna Samantha i en tidlig episode av «Sex og singelliv». Nå skal Cynthia Nixon – som spilte Miranda i tv-serien – selv avstå fra fast føde, riktignok bare i to dager.
Konge og Madonna: Sofia Coppola kopierer bryllaupsfotoet av Priscilla (Cailee Spaen) og Elvis (Jacob Elordi), men «Priscilla» gjev fasaden nytt innhald. Foto: Nordisk Film Distribusjon
Priscilla
(USA, 2023) Regi og manus: Sofia Coppola Drama/ 1t. 53min./ Kino
Då Priscilla Presleys sjølvbiografi kom ut i 1985, var det til blanda mottaking. «Elvis and Me: The True Story of the Love Between Priscilla Presley and the King of Rock N’ Roll», ført i pennen av den Emmy-vinnande tv-forfattaren Sandra Harmon, vart ei av dei absolutt bestseljande bøkene i USA på 80-talet, men blant kritikarar og Elvis-fans var det også dei som meinte dette berre var endå ein av mange uvesentlege publikasjonar som snylta på «kongen».
Samtale: Brukarane debatterer kvarandre sin kunst. Foto: AWE
Adamant – Hjerterom på Seinen
(Frankrike, 2023) Regi og manus: Nicolas Philibert Dokumentar/ 1 t. 49 min./ Kino
Sosialt engasjert dokumentar treng ikkje vera kritisk. Innimellom er det betre å visa korleis samfunnet kan og burde vera for å opna sinna til publikum. Det siste greier Nicolas Philibert, særleg kjent for «Å være og ha» (Être et avoir, 2002). Gjennom observerande nærvær portretterte filmen ein lærar, hans humanistiske pedagogikk og elevane i ein fådelt skole i Nord-Frankrike. Philiberts nye film, «Adamant – Hjerterom på Seinen», er laga i same ånd, men frå eit unikt, psykiatrisk dagsenter i Paris. L’Adamant (Den urokkelege) er ein «båt» og også eit døme på arkitektur som progressiv, medisinsk estetikk. Sidan 2010 har tilbodet her vorte utvikla i fellesskap mellom brukarar og psykiatrar.