Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Digitaliseringa har endra rettstilstanden like mykje som innføringa av skriftspråket i si tid gjorde.

Rettsleg uro og lovgalskap

Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com

Nav-saka skuldast ikkje mangel på lov og rett. I staden var problemet at ingen klarte å orientera seg i mengda med lov og rett, og Justisdepartementet, domstolane, Trygderetten og Nav alle la til grunn feil rettstilstand. Resultatet vart ein stor rettsskandale, der ei ukjent mengde personar sidan 1994 har fått sine rettar og plikter feil vurdert og avgjort.