Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ei regjering leda av Arbeidarpartiet er i ferd med å sette heile den norske industrimodellen på spel. Det er ikkje særleg klokt.

Eit varsku frå Årdal

120 år med norsk industriutvikling: Ei bedrift grunnlagt som ein viktig del av det grøne skiftet, kan risikere å måtte flytte til Tyskland på grunn av at rammevilkåra ikkje er på plass, skriv forfattarane. Her frå Hydro Aluminium på Årdal i 1997. FOTO: Stein J. Bjørge, NTB

I forslaget til statsbudsjett for 2024 ønskjer regjeringa å kutte CO₂-kompensasjons­ordninga for industrien. Det er eit retningsskifte som kan få store og langvarige konsekvensar. Det er fortvilande at ei Ap-leia regjering no foreslår å velte denne politiske balansen for å auke statens meirinntekter med nokre ekstra milliardar.