Live Life
(Rabu raifu, Japan, 2022) Regi og manus: Kôji Fukada Drama/ 2t.3min./ Kino
Filmskaparen Kôji Fukada blir rekna som ei stigande japansk stjerne. Familiedramaet «Love Life» gjev også innleiingsvis assosiasjonar til den kvardagsobservderande tradisjonen etter Yasujirô Ozu. Her blir vi i eit naturalistisk tempo presentert for ein familie på tre, som bur og arbeider i ein alminneleg blokkforstad i Japan. Desse skildringane er i seg sjølv teknisk vellaga og sosialt interessante.