Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kveldstankar frå sjukehuset

Nattevakt på Ullevål. Endokarditt, atrieflimmer og covid-19 i akuttmottaket før det blir moglegheit for å legge seg litt nedpå og ta ein kvil. Eg er sliten om dagane. Ikkje fordi eg har det vanskeleg, er sjuk, ikkje har flotte kollegaer, eller ikkje har det trygt og godt på jobb. Men fordi tankane drifter. Til alt det grusomme.