Sportsklubben Brann kjempar om medaljar og europacupspel, men i heimekampen mot Odd førre helg smatt ballen på uheldig vis inn under beina til Brann-keeperen. Bortelaget jubla, men så fekk dommaren ein beskjed på øret. VAR meinte at dommaren måtte ta ein ny kikk på situasjonen. VAR er kort for video assistant referee og nytt for sesongen i norsk fotball. Kampen blei sett på pause og publikum måtte vente i spenning mens dommaren sprang bort til sidelinja for å kikke på ein liten tv-skjerm. 2 minutt og 45 sekund seinare blåste dommaren av for offside.
Prinsipp
Dagboka