Fosse-feber? Ja. Men ikkje før utpå totusentalet, før dét ytra kvalitetsdommarane i Oslo knapt at Fosse kunne vera ein komande nobelprisvinnar (den første etter Sigrid Undset, i 1928). På totusentalet måtte dei, lett undrande, ta inn over seg at Fosse vart spela over heile verda. Ta Frankrike – ikkje berre i Paris, men òg på provins-scenar, som i Normandie, spela dei. Nokre forlét salen, resten lytta hepne. Fosse fekk fransk heidersmedalje i 2003; mirakelregissøren Claude Régy var nok viktig. I 2006 spela dei Fosse i Korea, Argentina, Kina …
Det er lettare å sjå potensialet når ein har nobelpris-briller på.
Fosse-feber
Språket