Det vil visst ingen ende ta, med brelinga i «toppidretten». Og det er ikkje over kor hardt det er, kor vanskeleg det er eller andre sider ved prestasjonar som må til for å nå opp. Nei, det er kor ufritt det er å underordna seg eit lag og dei økonomiske lover ein må følgja for å få eit presterande lag gjennom ein sesong. Slikt går beint fram på livsgleda laus for ymse utøvarar som snåvar rundt i sine barnslege førestillingar om å få gjera nett som dei vil. Økonomiske budsjett og avtalar er band og tvang dei vil vera fråbedne etter at dei er borne fram gjennom år av tilrettelegging med dyre anlegg og all organisering som skal til for, til dømes, å gjennomføra ein sesong i vinteridrett.
Toppidrett i barnslighet
DebattLucas braathen og skiforbundet