Fryktar for familie og venner
Medan Israel har bedt Gaza om å evakuere, aukar bekymringane hos palestinarar i Noreg. Imtithal har dotter og barnebarn i Gaza.

– Det ingen trygge stader på Gaza no, seier Imthital Elnajjar.
Vi treffer ho på Palestinakomiteen sin stand utanfor Jakobs kyrkje i Oslo sentrum.
Palestinarar frå heile Austlandet har sidan onsdag kome hit for å snakke saman, utveksle nyheiter og ikkje minst informere folk som går forbi om kva som skjer i Gaza og på Vestbredden.
Beskjeden frå Israel om at alle nord på Gazastripa skal evakuere sørover, har skapt frykt blant palestinarar over heile verda. 1,1 millionar palestinarar blir bedd om å evakuere, utan ein stad å flykte til. Dei fryktar ein bakkeinvasjon frå Israel når som helst.
Sjølv har Elnajjar dottera si og eit barnebarn i Gaza. Ho fortel at dei har kome seg frå Gaza by til sør på Gazastripa, saman med fleire familiar med barn. Sjølv om dei har kome seg sørover, er dei ikkje trygge.
– Det er eit nytt Nakba, seier Elnajjar.
Nakba , eller katastrofen, er dagen då Israel starta med si systematiske fordriving av palestinarar i 1948. Elnajjar seier at beskjeden frå Israel er at «dokker må reise, elles så drep vi dokker».
FN har bedt Israel om å avbryte evakueringa, medan Israel har sagt at dei forstår at det tar tid å evakuere.
– Kvar gong eg ringer er eg redd for at ho ikkje skal svare. Vi kan ikkje hjelpe ho. Vi kan ikkje gjere noko. Ho er heilt åleine, og i akkurat same situasjon som andre der. Alt vi kan gjere er å samle oss her, og vise kva som skjer, seier Elnajjar.
– Vi er alle stressa og redde. Vi er alle her i denne situasjonen, seier ho.
Død på telefonen
Sidan onsdag har palestinarane og støttespelarar fått brukt plassen utafor kyrkja og krypten, som er kjellaren i kyrkja, frå klokka 12 til klokka 18. Då Klassekampen var innom i går ettermiddag var fleire i gong med å lage plakatar til demonstrasjonen mot bombinga av Gaza som skjer i dag. I krypten treffer vi også Sakher Hasan. Han kjem frå ein landsby på Vestbredden.
– Eg har alltid fullada mobil slik at eg kan ta i mot telefonar frå familie, seier Hasan.
Medan han sto på stand onsdag, fekk han ein telefon frå eit familiemedlem som fortalde at fire ungdommar var drepne av busettarar og Israel sitt militære.
– Eg veit kven alle er. Det er ein liten landsby der alle kjenner alle, seier Hasan.
Frå vondt til verre
Han fortel at det starta med at busettarar gjekk til åtak på eit hus, fleire landsbybuarar kom til for å hjelpe. Den israelske hæren blanda seg inn og jaga fleire ungdommar medan dei skaut. Den fjerde vart drepen like utafor huset der Hasan vaks opp.
– Torsdag fekk eg eit nytt dødsbodskap. Då vart ein far og sonen hans drepne på veg heim frå sjukehuset. Dei var der for å hente sine døde.
Hasan trur det kjem til å gå frå vondt til verre.
– Busettarane har fått grønt lys til å drepe. Dei deler ut våpen. Før kunne ein snakke med israelske militære. No skyt dei berre. Dei drepne og skadde eg har høyrt om frå landsbyen min har fått skot i bryst og hovud.
Også Hasan samanliknar dagens situasjon med Nakba i 1948.
«Dette er ikkje ei straff på Hamas, men ein massakre.»
— Imtithal Elnajjar, palestinsk aktivist
– Kvar skal folk gå? Egypt seier at folk må halde seg i Gaza. Jordan vil ikkje at palestinarane forlèt Vestbredden.
Både Elnajjar og Hasan håper at dei kan vise nordmenn og europearar kva krigsbrotsverk som skjer. Dei opplever at Israel har taket på media, og at det er vanskeleg å komme igjennom med perspektivet til palestinarane.
– Kanskje vil europearar endre synspunktet sitt, og stoppe Israel. Dette er ikkje ei straff på Hamas, men ein massakre. Dei tok sjansen på å ta Gaza frå folket no, seier Elnajjar.
Vil vise kva som skjer
Elnajjar kom til Noreg som flyktning i 2009 etter ein nesten tre veker lang krig mellom Israel og Hamas. Ho seier at situasjonen i dag er mykje verre. Både FN og fleire hjelpeorganisasjonar har slått alarm om situasjonen i Gaza, og seier det vil vere umogleg for folk å flykte. For mange er det også vanskeleg å skulle forlate territoriet. Ein veit at dersom ein forlèt heimane sine, kjem dei aldri tilbake, seier Elnajjar.
– Det er stille frå alle arabiske, amerikanske og europeiske land, samtidig som at Israel vil drepe alle i Gaza. Kva vil skje med Israel etterpå? Dei har gjort dette før.
Ingen trygge stader
Norsk Folkehjelp fortel at situasjonen på Gaza er i ferd med å bli ei humanitær katastrofe.
– Vi har sett at det har vore krig i Gaza før, men dette blir mykje større. Vi veit konsekvensane. Ein mistar kontakt med omverda. Vi er veldig uroa, seier Gry Ballestad, leiar for Utvikling og humanitært samarbeid.
Ho seier som Elnajjar at det verken er mogleg for folk på Gaza å flytte seg, samtidig som mange vel å bli.
– Det er ingen trygge stader å reise. Det finst ingen bomberom, grensa er stengt. Men ein har også det traume frå å ha blitt fordrive før.
Både grensene til Israel og til Egypt er stengde, og ein kjem verken inn eller ut. Ballestad minner også om at dei fleste på Gazastripa allereie er flyktningar frå krigen i 1948. Ballestad seier at folk prøver å flytte seg frå hus til hus for å halde seg trygge, men at det ikkje er andre stader å flykte enn til under open himmel.
– Det kjem av og til åtvaringar om at dette huset skal bombast. Fleire av våre tilsette har bevegd seg frå hus til hus. Ein av kollegaane våre hadde akkurat kome seg ut av huset med familien før det blei bomba. Det er ingen trygge stader, seier Ballestad.