Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Hovud

Skilnaden mellom nynorsk og ein del andre motkulturelle språk er at språket ikkje har fotfeste i ein by. Det er ikkje som med katalansk, som har styrken i makta Barcelona gjev dei. Jon Fosse dediserte nobelprisen til nynorsk. For åtte år sidan ville han ikkje ha noko av at Erna Solberg meinte det òg var ein pris til hovudstaden på Vestlandet. I 2013 sa han til Syn og Segn at det var betre å vere nynorsking i Oslo enn i Bergen, og han har meint at Den Nationale Scene har for lite nynorsk til å vere nasjonalteater.