Streberne
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn
Christians United for Israel har ti millionar medlemmar i USA. Dei arbeider for at Midtausten skal gå opp i flammar.
(Noreg, 2023) Regi: Tonje Hessen Schei, Michael Rowley Dokumentar/ 1t. 37min./ Kino frå 20. oktober
I sin nye og nifst aktuelle film, «Praying for Armageddon», tar dokumentarfilmskapar Tonje Hessen Schei for seg amerikansk kristensionisme. Ordet lyd som ei teologisk sjølvmotseiing, og er det også, men politisk er kristensionismen eit kraftfullt amalgam. Det er som maktfaktor i utforminga av USAs utanrikspolitikk, at denne stadig meir høgreradikale og militante retninga av evangelisk kristendom er mest interessant for Schei, men ho viser også korleis ulike evangeliske grupper – frå landevegens MC-pastorar(!) til Donald Trumps «åndelege rettleiar» blant dei største tv-predikantane – arbeider for at USA skal bli eit teokrati med abortforbod, utan LHBT-rettar og med eit ideologisk reinsa skolepensum.
Allerede abonnent? Logg inn