Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Når regjeringa legg fram statsbudsjettet i dag, skal SV plusse på gamle sigrar med SFO, tannhelse og barnetrygd.

Forventar at gamle sigrar er på plass

Budsjett: Framlegget til statsbudsjett kjem frå regjeringa i dag. Etter det skal dei ut i forhandlingar med SV. Her er frå venstre Kari Elisabeth Kaski, Eigil Knutsen (Ap) og Geir Pollestad (SV) då dei la fram semja om revidert nasjonalbudsjett i juni i år. Foto: Christopher Olssøn

Håpar du det kjem ein turistskatt, eingongsavgift for fossile lastebilar og bussar eller opptrapping av omsetningskravet for biodrivstoff i framlegget til statsbudsjett i dag? Frykt ikkje – dei tinga har SV alt forhandla fram.