Sulis 1907
(Noreg, 2023) Regi: Nils Gaup Manus: Christopher Grøndahl Actiondrama/ 1t.46min./ Kino
I meir enn eit tiår har Nils Gaup arbeidd med å realisera ein film om gruvehistoria i Sulitjelma. Med økonomisk støtte frå fleire LO-forbund (og Peggy Hessen Følsvik i ei cameo- rolle) har «Sulis 1907» vorte eit gammaldags og velspelt realistisk drama, som siktar seg inn mot det titulære året då fagrørsla fekk fotfeste i Nord-Noreg. Politisk kunne filmen også vore godkjent av LO-leiinga i dag.