Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Senterpartiet samarbeider alltid der dei kan få gjennomslag, men kva skal dei gjere om høgresida lid nederlag om fire år?

Finne vegen tilbake

Sp til høgre: Senterpartiet i Bergen deltek i samtalar om samarbeid på høgresida. Kan dei nokon gong bli eit sentrum-venstreparti i byen igjen? Foto: Gorm Kallestad, NTB

Bergen har planar om å ta inn 1,2 milliardar neste år i eigedomsskatt og Oslo 2,5, fram til nye kostar kjem inn i bystyresalane og justerer budsjetta. Begge stadar har avtroppande arbeidarpartibyråd lagt fram sine framlegg til budsjett. Der aukar dei begge eigedomsskatten, som er éin av få høve kommunane sjølve har til å påverke inntektene sine, og dei aller fleste nyttar seg av det høvet. 248 kommunar har eigedomsskatt på bustadar og fritidsbustadar, medan 307 kommunar har skatt på næringseigedomar. I fjor tok til saman 322 kommunar inn 16,1 milliardar kroner i eigedomsskatt, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå.