Eit lagnadsfylt hundreår
Ei nesten fire timar lang hundreårig slektskrønike om storpolitikk, kjærleik og svik, men som faktisk med hell kunne ha vore ein time lenger.

Det åttende livet (Til Brilka)
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av: Nino Haratischwili
Dramatisert av: Emilia Linda Heinrich, Julia Lochte og Jette Steckel
Omsett av Ute Neumann
Regi: Mina Salehpour
Med: Emma Caroline Deichmann, Madeleine Brandtzæg Nilsen, Arturo Scotti, Synnøve Fossum Eriksen, Maria Pontén, Marianne Meløy, Isak Holmen Sørensen og Thomas Jensen Takyi
Den georgisk-tyske forfattaren Nino Haratischwili (f. 1983) skreiv i 2014 romanen «Det åttende livet (Til Brilka)», ei bok på heile 1150 sider som tek for seg to familiar i Tbilisi i Georgia frå 1900 fram til i dag. Med historia som bakteppe er romanen blitt både ei storslått slektskrønike og ei litterær forteljing om Georgia og Sovjetunionen gjennom 1900-talet. Boka blei raskt ein bestseljar, blei dramatisert for Thalia Theatre i Hamburg i 2017 og kom på norsk i 2021. Laurdag var det norgespremiere på Trøndelag Teater.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent