Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ei nesten fire timar lang hundreårig slektskrønike om storpolitikk, kjærleik og svik, men som faktisk med hell kunne ha vore ein time lenger.

Eit lagnadsfylt hundreår

SYMBOLTUNGT: I eit hav av blomar so kan gi gravferdsassosiasjonar, går det ikkje som han ønska med livet til Kostja (Arturo Scotti). FOTO: ANDREAS SCHLAGER

Det åttende livet (Til Brilka)

Trøndelag Teater, Gamle scene

Av: Nino Haratischwili

Dramatisert av: Emilia Linda Heinrich, Julia Lochte og Jette Steckel

Omsett av Ute Neumann

Regi: Mina ­Salehpour

Med: Emma Caroline Deichmann, Madeleine Brandtzæg Nilsen, Arturo Scotti, ­Synnøve Fossum Eriksen, Maria Pontén, Marianne Meløy, Isak ­Holmen Sørensen og Thomas ­Jensen Takyi

Den georgisk-tyske forfattaren Nino Haratischwili (f. 1983) skreiv i 2014 romanen «Det åttende livet (Til Brilka)», ei bok på heile 1150 sider som tek for seg to familiar i Tbilisi i Georgia frå 1900 fram til i dag. Med historia som bakteppe er romanen blitt både ei storslått slektskrønike og ei litterær forteljing om Georgia og Sovjetunionen gjennom 1900-talet. Boka blei raskt ein bestseljar, blei dramatisert for Thalia Theatre i Hamburg i 2017 og kom på norsk i 2021. Laurdag var det norgespremiere på Trøndelag Teater.