Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Mangelfullt utvikla kultur er ein trussel mot alle.

Fødd i går

I sommar kom det ut ein dokumentarserie om Natalia frå Ukraina som blei fødd med eit sjeldan voksterhemmingssyndrom og send til USA for å bli adoptert. Etter mykje flytting frå familie til familie hamna ho i 2010 hos Michael og Kristine Barnett, som hadde tre søner frå før og inderleg ønskte seg ei dotter. Men sjølv om dei var godt førebudde på det fysiske handikappet, visste dei ingenting om kva dei kunne venta seg av ei lita jente som heilt frå ho kom til verda hadde vore slengd hit og dit. Då det søte vesle barnet med eitt snudde vrangsida til, fekk dei det for seg at det i røynda var ein vaksen sosiopat som hadde snike seg inn i heimen for å øydeleggja alt.