Du kan bla til neste sideBla med piltastene

He is dead, but he won’t lie down.

Blodsugaren

Lurer i skuggane: Jaime Vadell er god som «Greven av Chile», Augusto Pinochet. Foto: Netflix

Greven av Chile

El Conde, Chile, 2023

Regi: Pablo Larraín

Manus: Guillermo Calderón, Pablo Larraín

Satirisk fabel, 1t. 50min., Netflix

Chile har nyleg mintest at det er 50 år sidan det CIA-støtta militærkuppet, som styrta president Salvador Allende 11. september 1973. I tide til markeringa har Pablo Larraín laga ein film om kuppmakaren, Augusto Pinochet, der den døde eksdiktatoren lever vidare som vampyr. Det er absurd og likevel ein lysande metafor for mannen som aldri vart stilt til ansvar for tortur og massemord på sine landsmenn, eller for å ha soge pengar av stat og bedrifter. Og når ein veit at sympatien for Pinochet aukar i dagens Chile, blir ein kald på ryggen av å sjå den uniforms- og kappekledde «Greven av Chile» flyga gjennom natta over det moderne Santiago. Nokon vellukka film er det likevel ikkje, men at Larraín, som er kjend for filmar som «Jackie» og «Spencer», har laga eit slikt portrett, er interessant.