Annie Ernaux
Skammen
Roman
Omsett av Hennige M. Solberg
Gyldendal 2023, 110 sider
Nyleg blada eg gjennom ei notatbok frå det året eg førte liste over bøkene eg las – titlar og datoar, men ingen kommentarar. Å sjå titlane på rekkje og rad blei eit høve til å vekkje gamle, ofte gløymde leseopplevingar til live, og då eg kom fram til forsommaren, dukka det opp eit par titlar av Annie Ernaux. Eg har vore sikker på at «La Place» (1983), «Far» på norsk, var den første eg las av henne, men «La Honte» (1997) stop oppført nokre dagar før. Den kjem no på norsk med tittelen «Skammen», like presist omsett som ein ventar seg etter å ha lese Henninge M. Solbergs andre Ernaux-omsetjingar.