Har comebacket blitt ei obligatorisk øving for alle band som drar på åra? Dette er eit leiande spørsmål, og svaret er ja. Motiva kan sjølvsagt variera – men det var vel få som trudde at Kaizers ikkje skulle komma tilbake då dei la inn årene i 2013, tretten år etter oppstarten. Passande nok skjer tilbakekomsten etter nøyaktig ti år: «Den siste» konserten spelte dei 14. september 2013, og den fyrste i gjenforeningsturneen 1. september i haust. Oljefata og gassmaska var på plass igjen, det same var rikspressa, mens Stavanger Aftenblad kort og godt samanfatta stemninga slik: «Vips, så var Erling Braut Haaland det nest beste fra Bryne». Og her sit dei, Kaizers, dresskledde og med beina i kors, tre dagar etter comeback-debuten. Eller i alle fall halvparten av dei: vokalist Janove Ottesen, gitarist Geir Zahl og gitarist Terje Winterstø Røthing. Og dei har trua på Kaizers anno 2023. Om dei har trua.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene