Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nadia Ansars «Min skam» er ei klok forteljing om samanhengen mellom indre og ytre frigjering.

Oppløftande lærestykke

Psykolog: Nadia Ansar analyserer sine erfaringar i lys av eigen fagkunnskap. Foto: Lars Petter Pettersen

Bak ein kvar stor mann står det ei sliten kvinne, er eit ordtak som har versert i ulike versjonar. Bak ein kvar stor mann står ei forbausa kvinne, er ein av dei meir humoristiske. Nadia Ansar har ofte vore sliten, men neppe forbausa over dimensjonane ektemannen Abid Raja etter kvart har fått i norsk samfunnsliv. Sjølvbiografien hennar, «Min skam. En historie om forventninger og løsrivelse», speglar og ut­fyller Rajas historie i gigasuksessen frå 2021: «Min skyld. En historie om frigjøring» gjorde Venstre-politikaren til posterboy for klassereise og oppgjer med ein valdeleg æreskultur. Det som blir endå tydelegare når ein les Ansars versjon av deira sams historie, er at Raja neppe ville blitt den liberale samfunnsdebattanten vi kjenner no, om ikkje kona hadde kravd ei grunnleggjande haldningsendring under trugsmål om å gå frå han. Men Ansars historie rommar mykje meir, både av innsikt og forteljar­talent.