Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bastion

Ved årets lokalval har alle partia fått ganske solide bastionar, altså kommunar der dei gjer det mykje betre enn i resten av landet. Tidlegare var partibastionar noko særleg Senterpartiet og Arbeidarpartiet hadde ein del av. I industribygder som Årdal, Høyanger og Porsgrunn hadde Arbeidarpartiet lenge reint fleirtal i kommunestyret, samstundes som dei kontrollerte lokalavisa, fagforeiningane, organisasjonslivet og mykje anna i kommunen. I sterke landbrukskommunar som Gloppen har Senterpartiet hadde ein liknande posisjon både i kommunestyret og i landbrukssamvirka. Partia har vore som ein eigen liten stat i lokalsamfunna.