Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nidstonga

Ja, då. Han har forklart kva han «eigentleg meinte», men Unge Høgre-leiar Ola Svenneby slepp ikkje unna nidstonga av den grunn. Det er alltid ekkelt å sjå ein dårleg vinnar opna døra til sitt minste og mørkaste hjarterom, men Svennebys skadefryd over at dei grøne partia gjekk tilbake i skolevalet, når ein ny botn. «Jeg tror vi kan erklære generasjon Greta Thunberg død,» sa Svenneby til NRK på skolevalvaken til Unge Høgre i Oslo, «en euforisk Svenneby», som NTB med god grunn legg til. Det er ein kommentar som får Siv Jensens «Morna, Jens!» etter Stortingsvalet i 2013 til å verka moderat. Svennebys «oppklaring» på Dagsrevyen gjorde forresten ikkje saka betre. Her var nemleg argumentasjonen at klimaaksjonistar ikkje har noko eigarskap til klimasaka – nei, vel? Og at annan klimaengasjert, norsk ungdom også var engasjert andre ting, som mineralutvinning på havbotnen. Ja, akkurat. GK

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?