Reality
(USA, 2023) Regi og manus: Tina Satter Drama, 1t.23min., Kino
Fleire av dei politiske varslarsakene i USA har enda opp som middelmåtige spelefilmar. Det siste tiåret har vi sett Bill Condons «Den femte statsmakt» (2013), om Wikileaks – plattforma til Chelsea Manning, og Oliver Stones Edward Snowden-portrett, «Snowden» (2016). Særleg Condons lite substansielle thriller, men også Stones biografisk oppramsande portrett, viser kor vanskeleg det kan vera å analysera samtidshistorie i tradisjonell spelefilmrealisme. Desto meir prisverdig blir Tina Satters både estetisk gode og politisk ettertenksame varslardrama «Reality».