R ettskriving er – og blir – eit kjerneområde i språk. Og sidan rettskrivinga er menneskeskapt, er ho ikkje alltid, og overalt, like funksjonell. Finsk har ei av dei mest funksjonelle rettskrivingane i Europa. For dei som talar finsk og skal skriva finsk. Viktige verdsspråk som fransk og engelsk har derimot standardiserte skriftsystem som er vanskelege å meistra. (Forklaringa er at der har «standarden» stort sett lege i ro fleire hundre år.) Difor tek det lengre tid og monaleg meir arbeid for engelsktalande og fransktalande barn å læra å skriva engelsk og fransk rett enn det gjer for finske barn å læra å skriva finsk rett.
I Noreg har me vore kloke nok til å ikkje rygga unna rettskrivingsendringar.
Å skriva rett
Språket