Menneska har alltid kontroll over teknologiutviklinga, skriv forfattarane av den nye boka «Power and Progress. Our Thousand-Year Struggle Over Technology and Prosperity». Daron Acemoglu og Simon Johnson er begge professorar i økonomi ved Massachusetts Institute of Technology, og dei skriv ei storslått historie om korleis automatisering har forandra arbeidslivet. Dei meiner at menneska alltid har det siste ordet når det gjeld funksjonen til teknologiar. Det er berre vi som har målsetjingar, og teknologiane blir difor slik vi bestemmer oss for å laga dei. Det er rett nok ofte kommersielle aktørar eller autoritære statar som har sterkast styring, men sidan utviklinga er grunnleggande menneskestyrt kan også gode, demokratiske krefter forma den. Difor er det viktig å støtta opp under politisk styring som kan gje teknologiutviklinga ei god retning.