Hør her’a!
(Noreg, 2023) Regi: Kaveh Tehrani Manus: Erlend Loe og Nora Landsrød etter Gulraiz Sharifs roman Familiefilm, 9 år, 1t. 26min., Kino frå 15. september
I 2020 debuterte Gulraiz Sharif med ei bok som straks hamna på den ganske eksklusive lista over viktige og populære Oslo-romanar. Fleire litteraturkritikarar omtalte «Hør her’a!» som «frekk», men det einaste frekke med boka, er at Gulraiz Sharif tør (og kan!) skriva vittig om djupt alvorlege tema som barnefattigdom og familievald, framandfrykt, kulturkrasj og transseksualitet utan å ta lett på dei.