Dei fleste filmar om vikingtida er slappe greier. Fjernsynsserien «Beforeigners» hadde ein lovande oppstart med den oppdikta skjoldmøya Alfhildr og den historiske hovdingen Tore Hund, og alt låg til rettes for at oppfølgjaren skulle kasta nytt lys over konflikten mellom han og Olav digre, alias den heilage. Men då neste sesong kom på lufta, var Tore fordufta, og Olav hadde ingenting av den utstrålinga som gjorde helgenkongen til slik ein folkeforførar.