Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Både i 1940 og i dag er militærapparatet berre éi side av nasjonalt forsvar – den andre er forsvarsviljen.

Forsvarsvilje og -evne

No, når forsvarskommisjonen vil ha 40 ekstra milliardar til militæret i ti år, og seinare 30, bør me sjå på kva som skjedde i 1940. Den gongen var den store svikten det kommisjonen så å seie ikkje drøftar: forsvarsviljen i politisk og militær leiing. Den mindre svikten var forsvarsevna.