Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kunsten

Av ein eller annan idiotisk grunn har eg ikkje høyrt noko særleg på Sinéad O’Connor før ho døydde for nokre veker sidan. Eg har ikkje tenkt så mykje over henne utanom at eg har visst at ho var grådig flink til å syngje, hadde nokre kjende songar eg har høyrt på radioen og at ho var ein kompromisslaus og kontroversiell kunstnar. Det å gå fram til no i livet utan å høyre på musikken hennar, viser seg jo no å ha vore ein gigantisk tabbe. NRK sender for tida dokumentaren «Nothing Compares» om O’Connor, så det er berre å sjekke nettspelaren deira.