Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Økonomien er i krise. Energiprisane ute av kontroll. Og eit ytre høgre-parti har over 20 prosent på målingane.

Tysk angst

Det er ein ålment kjent politisk lov at politiske kriser gir framgang for partia på den politiske ytterfløyen. Tyskland, landet med det største folketalet og den største økonomien i Europa, er ramma av fleire kriser samtidig. Landets leiande institutt for økonomisk politikk, Ifo-instituttet i München, ventar økonomisk tilbakegang i 2023. Dei varslar òg at det er få teikn på at situasjonen vil betre seg raskt. Tyskland hadde ikkje henta seg tilbake frå pandemien då energipriskrisa slo inn for fullt. Landets spesielle avhengigheit av russisk gass gjorde at Putins krig mot Ukraina ramma svært hardt. I tillegg slit landet med inflasjon og mangel på fagarbeidarar.