Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kva er det med Finland?

Finland har i fleire år vorte omtala som beste landet å leva i. Det har teke plassen som Noreg hadde tidlegare. Korleis dette kan ha seg, har ein undra seg over. Magasinet til Aftenposten hadde nyleg ein lengre artikkel om Finland, men utan å koma med noka eigenleg forklåring på kvifor finnane skil seg ut som eit særleg lukkeleg folk.