Thor Sørheim
Fullmånen
Dikt
Gyldendal 2023, 47 sider
Har du høyrt om Stuntpoetene? Dette var ei aksjonistisk gruppe som på midten av 80-talet arbeidde for å få merksemd om lyrikken. Dei delte ut skjenselspris til aviser som oversåg lyrikken. Dei tok seg inn på den ansvarlege ministeren sitt kontor og la fram tydelege krav, mellom anna om at «Kulturministeren må lese et nytt norsk dikt frå Stortingets talerstol». Og i eit tv-dokumentert kupp rana dei Notodden bibliotek for 5000 diktbøker.