Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Thor Sørheims diktsamling nummer 14 er kjenslemessig nedtona – men godt handverk.

Den lågmælte motkulturen

Månelyst: Fullmånen i eit japansk kunstverk frå ein gong mellom 1930 og 1945. Foto: Rijksmuseum/Wikimedia Commons
Dikt

Thor Sørheim

Fullmånen

Dikt

Gyldendal 2023, 47 sider

Har du høyrt om Stuntpoetene? Dette var ei aksjonistisk gruppe som på midten av 80-talet arbeidde for å få merksemd om lyrikken. Dei delte ut skjenselspris til aviser som oversåg lyrikken. Dei tok seg inn på den ansvarlege ministeren sitt kontor og la fram tydelege krav, mellom anna om at «Kulturministeren må lese et nytt norsk dikt frå Stortingets talerstol». Og i eit tv-dokumentert kupp rana dei Notodden bibliotek for 5000 diktbøker.