Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kva skal me gjera utan vegen, tenkjer du, om krisa oppstår? Skal me bera bilane?

Kvar er me på veg i disse usikre tidar?

Me tek bilen eller bussen til jobb, forventar at butikkane skal ha matvarer i hyllene og at industrien skal få levert varene dei produserer. Me forventar at vegen held hjula i gang. Få tenkjer over kva den enorme omorganiseringa av vegsektoren dei siste åra har medført av auka kostnadar, auka koordineringsbehov og svekka beredskap. Frå å ha ein stor aktør med ansvar for heile vegområdet er ansvaret no splitta mellom Statens vegvesen, 11 snart 15 fylkeskommunar og det statlege AS-et Nye Veier.