Du kan bla til neste sideBla med piltastene

SV og Sjøoffiserforbundet vil auke bøtenivået for reiarlag som må innstille ferjer grunna mannskapsmangel. NHO og Fylkeskommunen meiner bøtenivået er strengt nok.

Vil ikkje ha større bøter

VIKTIG INFRASTRUKTUR: Denne ferja heiter Gloppefjord og går på ferjestrekninga mellom Anda og Lote i Nordfjord. Foto: Adrian Nielsen

Marius Strømmen i Norsk Sjøoffisersforbund slo i Klassekampen i går alarm om innstilte ferjer og hurtigbåtar på tvers av landet. Han meiner det er ein aukande mannskapsmangel på ferjene og at det blir verre for kvart år.