Nyleg vart det kjent at Sparebanken Sogn og Fjordane skal bli Sparebank 1 Sogn og Fjordane og gå inn i det landsdekkjande bankkonsernet Sparebank 1. Ein sjølvstendig og god sparebank vert altså mindre sjølvstendig. Og det skjer samstundes som banken økonomisk sett går veldig godt. I dag jobbar det eit knippe programmerarar i Førde med å utvikle nettbanken og mobilbanken til Sparebanken Sogn og Fjordane, men no skal dei gå over til å bruke løysingane til Sparebanken 1 i staden. Leiinga i banken er opptekne av å fortelje at ingenting vil forandre seg, men eg tykkjer likevel det er trist.
Forflating
Dagboka