Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Parti

Det ser ut til å vere lettare å etablere seg som norsk parti enn tidlegare. På fleire meiningsmålingar er jo Industri- og næringspartiet (INP) inne på Stortinget, og også Raudt, MDG og Pasientfokus har ganske fersk erfaring med representasjon i nasjonalforsamlinga. Det er jo vanlegvis veldig sjeldan at nye parti klarer noko slikt. Både Venstre og Høgre vart stifta same året som vi fekk parlamentarisme her i landet, nemleg 1884. Tre år seinare kom Arbeidarpartiet til. Det er likevel ikkje nytt at det kjem nye parti på Stortinget. Det er berre det at dei vanlegvis ikkje varer så lenge.